170622-Ipad-Bjørnar-Nesje-og-Gyrid-Kvaale-1

Nettbrett til fyrsteklassingane

Rektor ved Folkestad skule, Bjørnar Nesje, og rektor ved Bø skule, Gyrid Kvaale, skal gje Ipad til alle fyrsteklassingane til hausten. Foto: Gro Birgitte Røiland

Frå hausten av skal alle fyrsteklassingane i Bø få nettbrett. Rektorane Gyrid Kvaale og Bjørnar Nesje har stor tru på Ipad i lese- og skriveopplæringa.

– Ikkje alle fyrsteklassingar har motorikken på plass for å skrive for hand. Alle klarar å trykke, men ikkje alle klarar å skrive. Med Ipad blir alle meir likestilte og raskare betre til å lese og skrive, seier Gyrid Kvaale, rektor på Bø skule.

På Folkestad er det neste skuleår 19 fyrsteklassingar, mens det er 50 nye fyrsteklassingar i Bø. Alle får nettbrett til bruk både i skuletimane og heime. I tillegg er det leigd Ipad til bruk i lesegrupper i andre klasse.

– Nettbrett til fyrste klasse er fyrste steg i ei digital utprøving i Bø kommune og eit stort løft, både pedagogisk og ikt-messig. Det er eit pilotprosjekt, seier Bjørnar Nesje, rektor ved Folkestad skule.

Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på nett på buyandread.no