Anita Kristensen kino 2017 1

Normalt bra kinoår

Frå bra til betre. Kinosjef ved Bø kino, Anita Kristensen, er greitt nøgd med både jula og heile kinoåret 2017. For 2018 har ho langt større forhåpningar med storfilmar på rekkje og rad. Her viser ho fram ein av sine første favorittar, barnefilmen ”Coco”.

Bø kino kan notere seg eit normalår i besøket både for jula og heile året 2017 til saman.

Kinoåret 2017 kan oppsummerast med 38.327 besøkande. Det er det kinosjef Anita Kristensen kallar eit normalår.

I tal ser året slik ut: 1.506 førestillingar og 189 ulike filmar. Det har gjeve ei omsetting på 3,48 millionar kroner, som er 19 prosent mindre enn toppåret 2016.

– Familiefilmane har dominert 2017, og me ser at norske filmar blir dei best besøkte. Me kan likevel ikkje samanlikne oss med 2016 som hadde fleire toppfilmar enn i 2017. Me må derfor rekne med inntekter litt under budsjett, men er likevel tåleg nøgd med året, seier kinosjefen.

Tre på topp i 2017 ved Bø kino var ”Askeladden – I Dovregubbens hall” med 1.406 besøkande, ”Grusomme meg 3”med 1.354 besøkande og ”The Boss Baby” med 1.236 besøkande. Den norske storfilmen ”Den 12. mann” klatra heilt til 8. plass på årslista trass i berre seks visningsdagar.

Les meir i torsdagens avis.