burot-17

Ny aksjon mot burot

Plagsam. Burota er svært plagsam for allergikarar, seier Astma- og Allergiforbudet.

– Det nyttar å luke

– Burota er like plagsam som bjørkepollen og skaper store problem for allergikarar, men den spreier seg berre 100 til 200 meter med vinden. Derfor nyttar det å fjerne den, skriv Astma- og Allergiforbundet i ei pressemelding.

Forbundet oppfordrar alle til å luke eller slå burota. Det bør skje etter 10. juni og før 15 juli.

Astma- og Allergiforbundet premierer barnehagar, skular, klassar og organisasjonar som deltek i kampen mot burota. Dei som gir melding om kor mykje dei har luka blir med i trekninga av pengepremiar. Det er 4.000 kroner i førstepremie, 2.000 kroner i andrepremie og 1.000 kroner i tredjepremie. Forbundet vil også gjerne ha in bilde av barn som lukar slik at det kan legge det ut på nettsida si.

Grå bakside. Blada på burota er grå på baksida.