Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Her kan du sjå krimfilm frå Bø

 

 

Biletet er henta frå Jarle Sten Olsens nye video «Bare du som passer på».

 

I juni gjekk Jarle Sten Olsen ut i Bø blad og etterlyste folk til ein promoteringsvideo han skulle lage for si nye krimbok. Nå er filmen ferdig, og i dag blei den lagt ut på sosiale medier.

Boka, som er hans andre krim, kjem ut til våren. Denne gongen har han henta tittel frå rockebandet The Aller Værste sin låt «Bare du som passer på». Det er denne låta, men i Jon Solbergs tolking, videoen er bygd opp rundt.

Som i den komande krimboka der handlinga er lagt til Bø, er videoen full av dramatikk ein ikkje vanlegvis ser her i bygda. Musikken er kopla med bilete av kjente landskap frå Bø og ikkje minst mange lokale aktørar i frosen posisjon, såkalla Mannequin Challenge.

– Utfordringa var å få folk til ikkje å blunke. Men med gode skodespelarar blir alt bra, seier Jarle Sten Olsen.

Viss du vil sjå videoen, så kan du klikke her.

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®