Sosiale medium

Bø i Telemark
07
11°C
 

Dato

Torsdag 29. juni 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nytt vertskap ved Norsjø

Nye drivarar av Norsjø hotell. Vertskapet ved Norsjø hotell er nå Vebjørn Hagen (f.v.), Marita Knutshaug Veum, Jarle Randby, Kaia Hagen og Jarle Buseth. Foto: Øystim Akselberg.

Norsjø hotell har fått nye drivarar. To drivarselskap og fem personar har nå hand om både camping, hotell og båt på Akkerhaugen.

Norsjø Hotell på Akkerhaugen blei opprinneleg bygd som turistheim på 1950-talet. I 45 år har Svanhild og Truls Dahl bygd opp ein viktig samlingsstad for bygdefolket i regionen. 15. mars i år blei nøklane til hotellet levert over i nye hender.

Frå midten av mars kunne Kaia Hagen (40) med rette bruke tittelen hotelldirektør på sin nye arbeidsstad. Ho er tilsett i full jobb som hotellets nye frontfigur. Det er to drivarselskap som nå står for drift og utvikling av hotellet ved Norsjøs breidder, nemleg Norsjø Ferieland og Bergo Drift. Bak Norsjø Ferieland finn me dei to hovudeigarane Vebjørn Hagen og Marita Knutshaug Veum. Bak restaurantselskapet Bergo Drift, med base på Beitostølen, finn me Jarle Randby og Jarle Buseth. Randby er restaurantansvarleg, medan Buseth er dagleg leiar og medeigar i Bergo Drift. Saman skal dei drifte Norsjø hotell og har eit tidsperspektiv på 25 år framover. Den nye drivarkonstellasjonen har ikkje berre utvikling av hotellet på sin daglege arbeidsplan. Dei har også teke over drifta av passasjerbåten MS Telemarken.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®