Sosiale medium

Bø i Telemark
07
8°C
 

Dato

Onsdag 20. september 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Opna Bø si nye bygate

Snorklypp i Stasjonsvegen.  Bø-ordførar Olav Kasland (t.v.) og leiar i hovudutval for samferdsel i Telemark fylkeskommune, Knut Duesund, stoppa trafikken lenge nok til å foreta den offisielle opninga. Til venstre står byggeleiar Terje Hovde Kaasa og avdelingsdirektør Tore Kaurin, begge frå Statens vegvesen.

Tysdag blei Bø sentrum si nye miljøgate offisielt opna. Stasjonsvegen blir  Bø sitt nye utstillingsvindauge.

Nye Stasjonsvegen har kosta 25 millionar kroner.
– Vegen utgjer ei gåve på 4.300 kroner til kvar einaste bøhering, sa avdelingsdirektør Tore Kaurin i Statens Vegvesen, og la til at folk dermed kunne takke Fylkeskommunen for den nye fine vegen.

Fleire av aktørane rundt utbetringa av Stasjonsvegen kom inn på at grunneigarane har teke tak og samarbeidd om felles tiltak langs gata og gjort stor innstas på eigen grunn.
– Både miljø og handel vil få ei oppblomstring etter dette, spådde ordførar Olav Kasland.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®