Sosiale medium

Bø i Telemark
03
18°C
 

Dato

Tysdag 19. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ordførarprat midt i Midt-Telemark

Bø blad tok nyttårsintervju med ordførarane Mette Haugholt og Olav Kasland i den nye kommunens geografiske midtpunkt, nærmare bestemt i puben til Hørte Idrettslag. Foto: Gro B. Røiland

 

I fotballpuben til Hørte Idrettslag møter me dei to som skriv seg inn i historia som siste ordførar i kvar sin kommune. Mette Haugholt og Olav Kasland er samstemde i trua på den nye Midt-Telemark kommune.

– Me kompletterer kvarandre med ulike kvalitetar og fordelar, seier Haugholt.

– Me er på kryss og tvers allereie, eg har aldri sett desse grensene. Sauherad er sterkare enn Bø på landbruk og landbruksforedling, mens Bø er sterk på handel og kompetanse, seier Kasland.

– Turisme har me også felles, seier Haugholt.

– Sauherad har nisjeturisme, mens Bø har masseturisme, seier Kasland.

Sauherad-ordføraren er opptatt av Norsjø som ein stor og viktig verdi i den nye kommunen. Ordføraren i Bø er strålande fornøgd med å få eit vatn.

– Det har vore eit sakn, seier Kasland.

 

I papiravisa eller e-avisa kan du lesa heile nyttårsintervjuet med dei to ordførarane.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje