160929 Telemarkspadler, kajakk, kano

Pengar til Telemarkspadler’n.

Padlefest får pengar. Telemarkspadler’n er ein av tre i Sauherad som får pengar frå Telemark fylkeskommune. Foto: Torstein Kiserud

Fylkeskommunen deler ut pengar

Telemarkspadler’n er eit internasjonalt kajakkløp som går frå Notodden til Akkerhaugen. Deltakarane kan velje mellom tre ulike distansar. Den eine er frå Notodden og er på 23 kilometer.Den lengste, Blodspreng, går frå Akkerhaugen til Notodden og tilbake. Telemarkspadler’n er blant dei tre som har fått pengar frå hovudutval for kultur i Telemark fylkeskommune i andre runde med tildeling. Fylkeskommunen gir 30.000 kroner til kajakkarrangementet.

Les kven andre som får pengar og andre gode saker frå Bø og Sauherad i papiravisa torsdag, eller kjøp avisa på nett på buyandread.no