171130-Julemesse-Bø-museum-Tore-Torsdalen

Populær julemesse på museet

Antikvitetshandlar Tore Torsdalen frå Lunde er fast bak disken på julemessa, mens Jan Kenneth Tjønnås er fast kunde. Foto: Gro B. Røiland

Denne helga er det julemesse på Bø museum, og det var liv og røre i alle rom da arrangementet opna laurdag. For mange, både seljarar og kjøparar, er julemessa blitt ein tradisjon. Blant andre for antikvitetshandlar Tore Torsdalen frå Lunde, som har vore med på julemessa dei siste 15 – 20 åra. Han har fast plass bak disken i den gamle landhandelen. Framfor disken fann me ein av dei faste kundane, Jan Kenneth Tjønnås sammen med sonen Simen Olai. I år var det gamal julepynt som frista mest.

Utanfor Åsestugo der det blir selt tradisjonell julebakst, var køen lang frå fyrste stund. Noko folk såg ut til å ta med godt humør.

– Eg sto tjue minutt i kø, men det er ikkje lenge, sa Ragnhild Kåsa da ho kom ut att frå Åsestugo med både julekake, kransekake, kling og sandkaker.

Julemessa held fram i dag sundag.

Les meir i papiravisa torsdag 30. november.