Sosiale medium

Bø i Telemark
01
9°C
 

Dato

Sundag 23. april 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Rørleggjar på flyttefot

Herre i eige hus. Kjell Rune Kilen eig bygget i Stasjonsvegen 44 som blir den nye basen for Haugestøl VVS.

Tidleg i februar presenterte Bø blad  nyheita om at Haugestøl VVS har kjøpt opp Aune Rør på Gvarv. Verksemda doblar dermed storleiken og har etter samanslåinga 15-16 tilsette. Nå er det klart at eigar Kjell Rune Kilen tek Haugestøl VVS ut på flyttefot til Stasjonsvegen 44, ved innkøyringa til Bø stasjon i krysset ved Møllevegen.
Bygget går under namnet Kaasa-bygget frå den tida det husa byggjevarebutikken med same namn.
– Etter oppkjøpet av Aune Rør hadde me behov for meir plass. Stasjonsvegen 44 passar som hand i hanske. Her er det god plass, stort lager, kontorplass i andre høgda, god butikkplass og full kjellar, seier Kilen, og legg til at dato for opning er 1. juli.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®