Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Sauherad ankar til Høgsterett

Ein imot. Torstein Haukvik var imot å anke. F.v. Svein Taranrød (adm.) Mette Haugholt, ordførar, Frode Lauareid, advokat, Åse Egeland, rådmann, Helle Friis Knutzen, Roar Bjerkgården, Torstein Haukvik, Anne Grete Evju, Per Simon Slettebø, og Wenche Karin Akkerhaugen.

Seks ville anke saka om spiralnekt, ein ikkje

 

Formannskapet i Sauherad har vedteke å anke dommen om oppseiing av fastlegeavtala til Høgsterett. Det var seks for anke og ein som stemde imot.

Sauheard tapte i førre veke saka mot fastelegen som vart sagt opp fordi ho ikkje vil setje inn spiral. Saka gjekk i Aust-Agder lagmannsrett, og kommunen har tidlegare fått medhald i tingretten.

I lagmannsretten vart kommunen dømd til å gje tidlegare fastlege Katarzyna Jachimowicz jobben tilbake. Ho vart sagt opp fordi ho hadde reservert seg imot å setje inn spiral. Ifølgje fastlegeforskrifta var ikkje ein slik reservasjon muleg.

Lagmannsretten sa at oppseiinga var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Sauherad kommune vart dømd til å gje Jachimowicz stillinga tilbake og betale 600.000 kroner av sakskostnadane hennar.

Torsdag 30. november var det kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte for å finne ut kva kommunen skal gjere. Advokaten til Sauherad kommune, Frode Lauareid, tilrådde formannskapet å anke saka.

– Dette er ei prinsipiell sak som har interesse utover landegrensene. Den bør til Høgsterett for å bli endeleg avslutta, sa Lauareid.

Han meinte også at fleirtalet i lagsmannsretten har teke feil avgjerd. Dei i formannskapet som snakka for å anke, meinte også det var viktig å få ei avklaring i Høgsterett. Mindretalet på ein, Torstein Haukvik, Kristeleg Folkeparti, meinte at kommunen må få saka ut av verda og slutte her. Så må staten rydde opp i signal og rundskriv til kommunane.

Les meir i papiravisa neste torsdag. Då kan du også, som vanleg, kjøpe heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®