Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Skriv husmannssoga for Bø

Finn Rønning er klar med fyrste av fem band i Husmannssoge for Bø i Telemark. Bø museum er utgjevar. Foto: Gro B. Røiland

 

I fire ti-år har Finn Rønning levd med historiar om husmenn og husmannsplassar i Bø. Det var fyrst da den tidlegare museumsstyraren nærma seg pensjonsalder at han fann tid til å dukke ned i stoffet. Nå er han ute med fyrste av fem band som til saman skal fortelja husmannssoga frå Bø.

Rønning har valt å bruke same geografiske inndeling som bygdebokforfattar Stian Henneseid gjorde med Bøsoga. I band ein tek han for seg husmannsplassar under Borgja, Brenne, Bø-gardane, Eikja-gardane, Eikjarud, Hasarud, Bø prestegard, Roe, Staurheim, Tveiten, Uvdal og Åse. Gardar som til saman hadde omlag 95 husmannsplassar.

Det femte bandet kjem til å ta for seg historiske og meir generelle sider ved husmannsvesenet, sosiale forhold for husmenn i Bø og kor dei etter kvart tok vegen.

 

Les meir om husmannssoga i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®