Sosiale medium

Bø i Telemark
18
10°C
 

Dato

Tysdag 17. oktober 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

I sommar blir det dans på Bø torg

Leiinga i Telemarkfestivalen byr opp til spel og dans på Bø torg under festivalen. F.v. Mari Torvik Heian, Gunn Kristin Leikvoll, Kristoffer Mosfjeld, spelemann Stian Dalen, Marit Svale Svalastog, Else Børte og Ingebjørg Nordbø. Foto: Gro B. Røiland

 

Siste helga i juli er det tid for Telemarkfestivalen i Bø. Frå torsdag kveld til sundag kveld blir bygda fylt med musikk og dans. Det siste har i år fått ekstra plass på Bø torg, der det fredag 28. juli blir bydd opp til dansefest på torget. Her stiller dansarringane i Midt-Telemark og ikkje minst Tinndølan som nyleg imponerte heile Noreg med dans i Norske talenter på TV2. Dansen går i tre timar med høve til å svinge seg for alle som vil.

Blant artistane som spelar på festivalen er Odd Nordstoga. Han skal ha konsert med stort band, men også med kvedaren Øyonn Groven Myhren. Saman skal dei framføre Nivelkinn, bestillingsverket frå Telemarkfestivalen i 2001.

Jon Anders Halvorsen, Mattis Kleppen, Raabygg, Stian Dalen, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Ottar Kåsa og Unni Wilhelmsen er andre artistar ein kan oppleve på festivalen.

 

Les meir om programmet i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®