Sosiale medium

Bø i Telemark
38
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Spire og gro inspirerer Bærum

 

Nav i Bærum besøkte nyleg gartneriet der deltakarane i Spire og gro har dyrka fram urter for sal. Foto: Idrak Abbasov 

 

Prosjektet Spire og gro inspirerer andre til å prøve det same. Etter å ha lese om det i Bø blad, kom nyleg ein delegasjon frå Nav i Bærum for å lære meir om opplegget.

Prosjektet ”Fra jord til bord” er for flyktningar, innvandrarar med spesiell kompetanse og nordmenn med erfaring frå praktisk arbeid. Dei arbeider i gartneri og i skogen, og har i tillegg hatt urteutsal. Nav og Midt-Telemark næringsutvikling står bak kurset, der målet er at alle som er med skal få fast jobb eller starte eiga verksemd. Ifølgje ei pressemelding kom nyleg ei leiargruppe frå Bærum kommune til Bø for å lære og høyre meir om ”Spire og gro AS”, som er eit selskap oppretta i prosjektet.

– Me synest det er moro at dei hadde lese om oss i Bø blad. I løpet av hausten har me samla mykje erfaring, og me er klare til å dele den med andre som ønskjer å høyre om det, seier Idrak Abbasov, som er deltakar i prosjektet.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa som du nå finn på framsida av boblad.no.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje