Asle Økelsrud Håtveit på Gvarv august 2017 4000

Sporar opp fortida

Moderne askeladd. Med metalldektor og spade gjer Asle Økelsrud interessante og viktige funn av oldsaker og kulturminner. Her er han i sving på Håtveit gard på Gvarv. Detektoren gjev raskt svar om kva slags metall som skjuler seg nede i bakken. Foto: Øystein Akselberg

Med hjelp av metallsøkjar har Asle Økelsrud gjort interessante funn frå fortida i Bø og Sauherad. Neste år lagar han utstilling i samarbeid med Evju bygdetun.

Asle Økelsrud (45) er til dagleg stipendiat i økologi ved høgskulen i Bø, der han no jobbar med ei doktoravhandling. Sidan 2011 har han vore hekta på å søkje etter gjenstandar frå fortida med metalldetektor. Han har gjort viktige funn på eit ti-talls forskjellige gardar i Bø og Sauherad, men favorittområdet hans er eit jorde tilhøyrande garden Håtveit på Gvarv.
– Eg har funne over 40 gjenstandar i Bø og Sauherad som er innlevert til kulturminnevernet, seier han, og kan vise til funn frå yngre romersk jernalder, cirka år 160-375 e. Kr.
Blant dei mest interessante funna er ei korsforma spenne frå folkevandringstida (ca. 450 e. Kr.), ei likearma spenne frå merovingertid (ca. 600 e. Kr), ei Urnes-spenne frå tidleg middelalder (ca. 1050-1200 e. Kr.) og det som mest sannsynleg er ei vendemaske frå vikingtida (ca. 900 e. Kr.).
– Eg håpar også at når folk les om verksemda mi i lokalavisa vil det gje meg respons på fleire leiteområde som kan vere interessante, seier han og innrømmer at han har sett seg ut fleire gardar som er svært interessante å leite ved.