Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Startar bedrifta «Spire og gro»

 

Prosjektet er i full gang med planting av forskjellige krydderurter. F.v. prosjektleiar Marit Svalastog, Shan, Khalid Hameed, Halvor Nordbø, Wilson R. Irungu, Oddmund Nilsen og arbeidsleiar André Kristensen. Foto: Øystein Akselberg

 

Eit pilotprosjekt skal få både folk og plantar til å vekse seg sterkare. Deltakarane skal lære språk og drive eiga bedrift, og målet er fast jobb.

Bak pilotprosjektet «Frå jord til bord» står NAV Bø og Midt-Telemark Nærings-utvikling (MTNU) med støtte frå IMDi (Integrerings- og manfoldsdirektoratet) og næringsfonda i Midt-Telemark. Rundt ti deltakarar er knytt til prosjektet der målet er å danne ei eiga bedrift.

Marit Svalastog frå rådgjevingsfirmaet Sa-ho AS er innleigd som prosjektleiar av MTNU. Deltakarane er rekrutterte frå NAV og er tekne ut etter søknad. Dei er ein fin miks av flyktningar med særleg kompetanse frå heimlandet sitt og nordmenn med erfaring og kompetanse innan praktisk arbeid. Deltakarane kjem blant anna frå land som Syria, Aserbajdsjan, Kenya og Eritrea.

– Viktige stikkord for prosjektet er språktrening for å kunne jobbe innan jordbruksfaget. Ein vil synleggjere kompetansen til deltakarane, skape nettverk mot næringslivet og lære dei å drifte ei bedrift, seier Marit Svalastog.

 

Les meir om pilotprosjektet i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®