Sosiale medium

Bø i Telemark
07
6°C
 

Dato

Fredag 20. oktober 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Takeoff for fly-eventyret

Bøheringar i flyindustrien. I MSG Production AS jobbar blant anna Svein Gunnar Mæland (f.v.), Willy Brenden, Øyvind Førstøyl og Tom Runar Aasen. Brenden er leigd inn frå Bø Installasjon. Her står dei på taket på Geiteryggen flyplass og bak ser ein selskapets hangar reiser seg. Foto: MSG Production AS.

Bøheringen Svein Gunnar Mæland gjev full gass på flystripa på Geiteryggen. No byggjer han flyhangar og kjøper eige fly. Prosjektet har eit budsjett på over 50 millionar kroner.

Like før jul i fjor kom meldinga som for alvor har satt fart på gründerane bak MSG Production AS. Selskapet gjekk gjennom nålauget i EU-programmet «Horizon 2020», verdas største forskings- og innovasjonsprogram, og arbeidet med å byggje verdas første heilautomatiske anlegg for vask og avising av fly på Geiteryggen flyplass i Skien fekk heile 24 millionar kroner i støtte. Etter sju års arbeid kunne Mæland og folka hans endeleg gje full gass. I desse dagar skjer det fantastisk mykje positivt rundt selskapet.

Den supergeniale vaskeidéen blir lagt merke til over heile kloden. Både innanfor privat flyindustri og militær flyfart. Nyleg tok nemleg det norske forsvaret kontakt med MSG Production og spurte om moglegheiten for om anlegget kan vedlikehaldsvaske dei nye F-35 jagerflya.

– Det er sjølvsagt stort at Forsvaret snusar på MSG-løysinga. I augneblinken Forsvaret bestiller eit anlegg hjå oss er det ein suksess. Det vil fungere som ein døropnar i militærindustrien og me får heilt klart mykje å gjere, seier Mæland.

Vaskehangaren som er under bygging blir 60 meter lang, 43 meter brei og 20 meter høg. Hos Myhra maskinverkstad på Grivimoen i Bø er ein i sving med å produsere armane og stativa som skal bære vaskeutstyret. Også Bø installasjon og Multilux er med i utviklinga av utstyret inne i hallen. MSG får snart på plass sitt eige fly som er nylakkera og påført selskapets logoar og fargar. Flyet skal fungere som testfly i vaskehangaren.

Les meir i vekas papiravis.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®