Jan Tore Sanner
Jan Tore Sanner

Tannhelse og psykiatri

Telemark og Vestfold. Kommunalminister Jan Tore Sanner vil slå saman Telemark fylkeskommune med Vestfold fylkeskommune. Foto: Torbjørn Tandberg

Konkrete forslag om nye oppgåver til kommunane

Onsdag la kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fram regjeringa sitt forslag til nye oppgåver for kommunane. Sanner foreslår at kommunane skal ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå 1. januar 2020. Det skal også kome ei barnevernsreform som gjev meir ansvar til kommunane og forsøk med distriktspsykiatriske senter (DPS).

Det er også meininga at kommunane skal få ansvar for tilskot innan landbruket, vilt- og innlandsfiskeforvaltning, konsesjonsbehandling for småkraftverk og vigselsrett.

Regjeringa la også fram sitt forslag til ny kommunestruktur. 118 kommunar blir til 46 nye kommunar. Bø og Sauherad er blant dei, og dei einaste i Telemark som slår seg saman.

Den tredje proposisjonen (forslag til vedtak til Stortinget) som Sanner la fram onsdag var om fylkesstrukturen. Som tidlegare varsla foreslår regjeringa å slå saman Telemark med Vestfold og Buskerud med Akershus og Østfold. Regjeringa varslar også ein gjennomgang av dei andre regionale inndelingane.