171221-Bø-trafikkskole-02-b

Trafikkskule skifter eigarar

Nye lokale. Bø trafikkskole har flytta inn i nye lokale. Her er Eyob Abraham, elev, framfor den nye skranken. Bak f.v. Tor W. Rantala, Tore Innleggen, Victoria Lindhagen og Camilla Innleggen.

 

Trekker seg tilbake etter 21 år

Etter 21 år som eigar av Bø Trafikkskole og 43 år som køyrelærar, har Tor W. Rantala selt trafikkskulen til Camilla Innleggen. Skulen har også flytta.

Camilla Innleggen har med seg mannen Tore Innleggen og Rantala som køyrelærarar fram til sommaren, men då vil Rantala trekkje seg heilt tilbake.

Rantala starta Bø Trafikkskule i 1996. Då kom han frå Skien. Elevkulla var blitt mindre og han var på jakt etter nye marknader. Den fann han i Bø.

I ein periode på 90-talet lurte Rantala på om det var dette han skulle drive med.

– Då tok eg vidareutdanning som 50-åring. Det var veldig fint. Det var ikkje noko eg hadde tenkt, men eg har aldri angra, seier Rantala.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.