160310-telemark-fylkeskommune-avtale-03

Trur det blir regjeringssamarbeid

Bø Venstre imot

– Eg er sikker på at dei blir einige og at det blir ei trepartiregjering. Det seier Olav Kasland, Venstre-ordførar i Bø.

Det blir i fleire aviser og medium spekulert i om forhandlingane mellom Venstre, Høgre og Fremskrittspartiet om ei trepartiregjering snart er i hamn. Kasland opplyser at det er kalla inn til landsstyremøte søndag.

– Bø Venstre har gått imot, me likar det ikkje, men me vann ikkje fram. Likevel kan me ikkje halde fram med å klage, det er sutring, seier Kasland.