171116-Motordilla-Bjørn-Aaland-hoved

Tusenkunstnaren med motordilla

Seks år og 4500 timar har Bjørn Aaland bruka på å restaurere denne bilen, ein 1956 Ford F100 importert frå Texas. Resultatet har gjeve han sju premiar på seks utstillingar. Foto: Gro B. Røiland

I garasjen heime hos Bjørn Aaland står vedunderet av ein amerikansk pickup, skinande blank og djupblå utanpå, lys og lekker inni. Bilen har lite til felles med den slitne vogna som blei importert frå San Antonio i Texas i 2011. Så har han da også vore utsett for ein «total makeover» av tusenkunstnaren på Hørte.

Absolutt alt har Bjørn gjort sjølv. Han skruvar, sveisar, lakkar og syr trekk til sete, dører, golv og tak. Det siste har han tidlegare hatt salmakar til å gjera, men for eitt år sidan kjøpte han seg industrisymaskin. Nå gjer han salmakarjobben sjølv. Før det bygde han lakkboks. Dermed kunne han lakkere bilane sjølv. Mekanikarfaget er også sjølvlært.

– Ein må ikkje vera redd for å prøve. Skal ein få til noko, må ein bare kaste seg uti det. Gjer ein feil, prøver ein bare på nytt, seier Bjørn.

Forden frå 1956 er ikkje den fyrste bilen han har restaurert. Tretten hobbybilar har Bjørn hatt sidan han kjøpte sin fyrste i 1982, ein Willys Jeep CJ5 frå 1956. Fire fly har han også hatt, og to av dei har han bygd sjølv.

Les meir om tusenkunstnaren med motordilla i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no. Klikk her for å sjå fleire bilete.