Sosiale medium

Bø i Telemark
03
18°C
 

Dato

Tysdag 19. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Utbygging av Vertshuset: Nei blei tja?

Vertshuset mai 2016

Planar om utbygging og ombygging. Eigar av Vertshuset har planar om utbygging og må skaffe fleire parkeringsplassar.

Eigar av Bø Vertshus ønskjer å ruste opp og rive delar av dagens bygg, byggje noko nytt, samt endre fasadar på eksisterande bygg på sida som vender mot det nye Skogenkvartalet. Del av planen er tre nye leilegheiter i andre etasje av eksisterande bygg. Bygginga utløyser krav om 4,5 nye parkeringsplassar og tiltakshavar søkjer om dispensasjon frå kravet om parkeringsplassar. Utval for plan, teknikk og næring (PTN) sa nei til dispensasjon, men opnar likevel døra på gløtt for at gårdeigaren kan få lov til å gjere utbygginga likevel. Frå teknisk eining får Bø blad vite at det er laga ein moglegheit ved å finne naudsynte parkeringsplassar på anna areal innanfor sentrum. Det kan for eksempel gjerast ved at det blir leid parkeringar hjå nabo eller liknande. Kravet til parkeringsplassar i sentrumsområder der ein eigentleg ønskjer fortetting er å sjå på som eit «troll» med mange hovud. På den eine sida ønskjer ein fortetting med bygging av fleire bueiningar og samtidig utløyser dette krav til bygging av enda fleire parkeringsplassar. Frå kyndig hald blir det sagt at ny plan og bygningslov kjem til å ha endra reglar når det gjeld krav til parkeringsplassar. Tida vil vise om ein er på riktig spor.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje