
Tilgjengeleg. Ein bygning som er tilgjengeleg no og kan huse inntil 1.000 menneske. Foto: Øystein Akselberg
Bø kommune fekk måndag spørsmål om det finst bygningar som kan fungere som akuttmottak for inntil 1.000 personar. Telemarkshallen vart meld inn som einaste aktuelle bygningen i Bø.
Rådmann Åse Egeland opplyser torsdag at signala frå Fylkesmannen er at dersom det blir valt å opprette eit stort mottak i Telemark så vil ein styre det mot Grenland. Det vil seie at Telemarkshallen er langt nede på lista.