NOREGS SØRLEGASTE: Dette høgfjellet ligg lengst sør i Noreg.
NOREGS SØRLEGASTE: Dette høgfjellet ligg lengst sør i Noreg. FOTO: Lifjell skisenter

Legg ut fleire gratisbillettar

Lifjell Skisenter, bilder fra Kari Anne Norheim Hanstad

Inviterer til gratis-dag. Lifjell skisenter arrangerer Open bakke førstkomande søndag. Foto: Lifjell Skisenter

Ventar besøksrekord søndag – legg ut fleire gratisbillettar

Kong Vinter spelar i år på lag med Lifjell Skisenter, som førstkomande søndag arrangerer Open bakke. Det er flotte forhold i bakken – og gratis.

– Erfaringsmessig veit me at det er stor rift om gratis dagskort når me arrangerer Open bakke, men i år har det gått spesielt fort unna. Dagskorta vi først la ut blei rive vekk på minuttar. Snøfall og gode forhold for snøproduksjon, gjer at me i dag legg ut fleire gratis dagskort på fnugg.no. Da er det første mann til mølla, seier Hanstad.

Open bakke er eit felles initiativ mellom Alpinanleggenes landsforening (ALF) og DNB. Målet er å auke rekrutteringa og interessa for alpint, snowboard og twintip. Det er i år fjerde året Open bakke blir arrangert. Lifjell Skisenter har vore med kvar gong.