Carlsen Fritzoe feb 2016 4

Kan bli 100 arbeidsplassar i handelsparken

Carlsen Fritzoe feb 2016 4

Første aktør på plass. Med Carlsen Fritzøe si opning og Biltema på veg inn er mykje gjort for Bø handelspark. Fleire interesserte aktørar ønskjer plass i parken.

Bø handelspark er i siget. Denne veka opna Carlsen Fritzøe varehus på Grivijordet. Biltema signerer kontrakt i løpet av februar, og ein Volkswagen-forhandlar går inn på eigarsida.

I Bø handelspark opnar den første aktøren, Carlsen Fritzøe, dørene i desse dagar. Byggvarekjeda er først ute med sitt 2.700 kvadratmeter store varehus og dreg i gang det som ser ut til å bli eit spennande handelseventyr i Bø. Fleire aktørar og nye eigarar er nå på trappene til å etablere seg i handelsparken.
– Me har signert ein intensjonsavtale med Biltema AS, og er i sluttforhandlingar om leigeavtalekontrakten, seier dagleg leiar i Bø handelspark, Kjell Aage Verpe, og legg til at han ser for seg at avtalen mest sannsynleg skal vere ferdig forhandla og signert i løpet av februar.