Skodespelar Ane Dahl Torp skal lese frå Maria Sands debutroman på Bøker i Bø. Foto: Privat
Skodespelar Ane Dahl Torp kjem til Bøker i Bø. Ho skal vera med på Boksalongen laurdag 30. april, der ho skal lesa frå Maria Sand sin debutroman «Hold pusten så lenge du kan». Det gjer ho saman med forfattaren si kusine, 10 år gamle Alva Sand Venås (10 år) frå Gvarv.
Ane Dahl Torp er fødd i Bærum, men ein periode i tidleg barndom budde familien i Bø medan faren, språkprofessor Arne Torp, var tilknytt Høgskolen i Telemark. Ho er i vår aktuell med oppsettinga «Solaris korrigert» på Det Norske Teatret i Oslo.