Olav den Heilage i Gullbring

160330-Olavdenheilage

Anders Kvåle Rue si teikning av Olav den Heilage i Flatøybok.

Professor Torgrim Titlestad trur Olav den Heilage kom til verda i Sauherad. Dette kan ein høyre meir om når Titlestad kjem til Gullbring kulturanlegg måndag 4. april. Tema for foredraget er Olav den Heilage, tida han levde i, korleis han var og kor han kom frå.

Titlestad, som har forska på vikingtid og er ein av dei som jobber med omsetjing av islandske Flatøybok, byggjer på informasjon frå Flatøybok når han trur vikingkongen var frå Sauherad. Teorien blir underbygd av lokale segn.

Midt-Telemark seniorlæring er arrangør, og foredraget er ope for alle.