160429 Bøker i Bø

Bokfestivalen i full gang

160429 Bøker i Bø

På Akademika fredag las Edy Poppy og Tam Cy Albert frå «Farvel eventyrland» som er Alberts debutroman. Foto: Gro B. Røiland

Bøker i Bø er i full gang, med litterære arrangement frå tidleg til seint. Fredag føremiddag las Edy Poppy og Tam Cy Albert frå «Farvel eventyrland» på Akademika, der mellom 30 og 40 tilhøyrarar var møtt fram.

Boka, som er Alberts debutroman, er skriven på engelsk og gjendikta til norsk av bøheringen Edy Poppy.

Forfattaren har budd i Bø i to periodar og henta mykje inspirasjon til romanen her. Sjølv om hovudkarakteren i boka ynskjer seg langt vekk, likte Albert seg godt i Bø. Han kallar boka ei kjærleikserklæring til bygda.

Bøker i Bø held fram til og med sundag.

Les meir om litteraturfestivalen i neste utgåve av Bø blad.