
Planlegg flytting. Dei planlegg å flytte legevakta i Bø og Sauherad til Sauherad Bygdeheim. Gunn Karin Slaaen Rørvik, einingsleiar helse i Sauherad, Solveig Tangen Nielsen, tillitsvald Sauherad Legesenter, Kristin Sekse, kommuneoverlege, Ingunn Espesett Vreim, fagansvarleg Bø, Martin Ytreland, leiar for Sauherad Bygdeheim og Rut Hogstad-Erikstein, tillitsval Bø Legesenter.
– Ikkje trygt å vere åleine
Legevakta på kveldar og i helger blir flytta til Sauherad. Grunnen er at legane ikkje tykkjer det er trygt å vere på jobb åleine. Legevakta blir frå 1. juni på Sauherad bygdeheim.
– Dette er bestemt administrativt, men utval for helse og omsorg er orientert.
Det seier Ingunn Espesett Vreim, fagansvarleg helse og personale i Bø kommune. Ho opplyser at politikarane i utvalet tykte det var heilt greitt.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.