2016-08 Advokatar

Etablerer advokatkontor i Bø

2016-08 Advokatar

Nye i Bø. Wenche Merethe Kåsa (t.v.) og Lill Kristin Nilsen vil prøve noko nytt og etablerer advokatkontor i Bø. Foto: Hilde Eika Nesje

Prøvar seg som advokatar i Bø

Bøheringen Wenche Merethe Kåsa (t.v.) og Lill Kristin Nilsen frå Lunde etablerer nytt advokatkontor i Bø. Etter fleire år i politiet har begge lyst til å prøve noko nytt, og i Bø ser dei mange mulegheiter til nye utfordringar.

– Me håpar å bruke kunnskapen og erfaringa vår til noko positivt i lokalsamfunnet, seier dei to advokatane, som ser for seg strafferett og privatrett som dei mest aktuelle felta å jobbe innanfor.