2016-09-lammesteik

Inviterer på lammesteik

2016-09-lammesteik

Inviterer til utemåltid. Bø speidergruppe har fleire bålplassar og gapahuk. Martin Stærk og Helga Eika håpar at mange blir med på arrangementet neste veke. Foto: Marta Kjøllesdal

 

Lammesteik, mosjon og uteliv

Speidaren og Bygdekvinnelaget inviterer alle til tur og lammesteik på speidarane sin uteplass ved Folkestad skule komande onsdag. Lammesteika skal kokast i bakken. I tillegg blir det servert poteter, rotmos og saus med sopp og løk. Kaker blir det også, også dei tilberedt ute. Før gjestene kjem på mat, må dei gå litt. Bygdekvinnelaget er med på arrangementet og er med i eit prosjekt som heiter Bygda i bevegelse. Det går ut på å få folk ut å gå. Begge laga håpar på godt oppmøte.