160922-sandvinrevyen8

– Det blir Sandvinrevy

160922-sandvinrevyen8

Kjem att. Revygjengen på Sandvin kjem att, i år har dei to nye medspelarar. Her Per Arntzen frå ein tidlegare revy. Arkivfoto: Gro Birgitte Røiland

– Det er mange som har spurt oss om det blir revy i år og det blir det. Det seier Per Arntzen og Stein Arne Fossheim. Dei er to sentrale aktørar i den tradisjonelle Sandvinrevyen. I fjor vart revyen flytta til februar, men er i år tilbake på rett plass i kalenderen, 3. til 5. november. Tittelen på årets revy er ”Ein kveld på kafeen”.

– Me er ferdige med teksten, no skal me til å lage scenebilde, fortel dei to.

Revyen brukar å dra rundt 700 publikummarar. – Ti prosent av bygdas befolkning, påpeikar revyentusiastane. Det er ni personar bak revyen, to av dei nye. Det er elles mange som har lyst til å vere med, men det er ikkje plass til fleire på scena.