GODE NYHEITER. Sommarlandsjef Rene Langeveld Sas kan opne portane til Sommarland i juli.
GODE NYHEITER. Sommarlandsjef Rene Langeveld Sas kan opne portane til Sommarland i juli.

Sankthansfeiring direkte på TV2  

Sankthans-vert. Det blir direktesendt familieshow frå Sommarland sankthansaftan. Sommarlandsjef Rene Langeveld Sas er i gang med å førebu seg. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Skifestivalen veks

Sommarland Skifestival veks og blir til Telemarksveka. Ei avtale med TV2 gjer at det blir tv-sendingar frå Telemark heile veka. Skiforbundet lovar å  kome med toppane.

Telemarksveka går frå måndag 19. juni til søndag 25. juni. Prosjektleiar for Sommarland Skifestival og no Telemarksveka, Tormod Hynne, fortel at det blir ulike typar program. Blant anna vil God Morgen Norge besøkje ulike reisemål i Telemark. Sankthanseftan blir det direktesendt familieshow frå Sommarland.

– Det er 4009 dagar sidan sist, seier Tormod Hynne med eit stort smil.

Det blir også sendingar laurdag og søndag i beste sendetid.

I 2009 var det Idol-sending frå Sommarland.

Avtala med TV2 er for fem år.

Me kjem tilbake med meir stoff i papiravisa neste veke. Til den tid, det er mykje godt stoff også i vekas avis. Avisa kan også kjøpast på nett på buyandread.no