Stall Bø med Alsaker Piril 3

God helg for Stall Bø

Ny siger til Alsaker Piril. Gjengen på Stall Arthur Bø har stadig framgangar med tråvhesten Alsaker Piril. Arkivfoto.

Laurdag leverte tråvhesten Alsaker Piril eit kanonløp på Leangen tråvbane under Troll Jahns æresløp, som er eit av dei største løpa for kaldblodseliten. Sigeren gjekk gjengen i  Stall Arthur Bø. Etter perfekt styring av kusk Vidar Hop var Alsaker Piril  i tet etter 1.000 meter. Hesten stakk i frå på oppløpet og sigeren var klar. Tida blei 1.24,1 over 2.180 meter. Premien var på heile 100.000 kroner. Det stoppa ikkje der for Stall Bø denne helga. Sundag kveld blei det nemleg siger til Alsaker Fantom på Sørlandets Travpark.