170202-lærlingar-Jostein-Vetland-og-Erik-Bredrup-og-Marianne-Lillebø

Bø satsar stort på lærlingar

Jostein Vetland saman med bebuar Erik Bredrup og kollega Marianne Lillebø. Lærlingen får bra attest av Bredrup, som synest det kan vera bra å ha ein sterk kar blant dei tilsette.  Foto: Gro Birgitte Røiland

Bø kommune satsar stort på lærlingar. Det er nå 17 lærlingar i kommunal drift, fordelt på fagområda helse og omsorg, barn og unge og ikt.

Jostein Vetland (50) har vore lærling på Bø sjukeheim i halvtanna år. Han har allsidig arbeidsbakgrunn, men dei siste åra har han jobba innan helse og omsorg i Bø og Sauherad. I 2015 starta han på utdanningsløpet og denne veka går han opp til fagprøve.

– Dette er verdas beste arbeidsplass, ein får ikkje betre stad å jobbe enn dette. Her blir ein tatt godt vare på. Det er ei utfordring å gå som lærling når ein er litt opp i åra, med mykje nytt å lære og lita lønn, men ein må tilpasse seg. Det har vore verdt det, seier Vetland.

I papiravisa kan du lese meir om Bø kommune si satsing på lærlingar. Du kan også kjøpe avisa på buyandread.no