170112-Anders-Røine

Spelemannen frå Grorud og Bø

Førre helg kunne spelemannen Anders Røine reise heim til Bø og Breisås med eit gjevt trofé i bagasjen. Foto: Gro B. Røiland

Anders Røine (45) er fulltids spelemann med munnharpe, hardingfele, langeleik og gitar som hovudinstrument, og han har tallause album bak seg. Ein meir verdig vinnar av Spellemannsprisen er vanskeleg å finne. Han vann prisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk for plata «Kristine Valdresdatter» med nyskriven stumfilmmusikk.

Anders hadde hardingfelespelande far og bestefar, men det tok 23 år før han sjølv fatta interesse for folkemusikk. Heime på Rødtvet i Groruddalen var el-gitar og heavy metal meir interessant. Oslogutten måtte til Rauland og folkemusikkstudiet for å oppdage musikken han hadde vokse opp med.

I papiravisa kan du lesa meir om korleis Anders Røine blei prisvinnande spelemann og korleis han hamna i Bø. Du kan også kjøpe avisa på buyandread.no.