170203-KS170227-05-

Protestar mot Valenkrysset avvist

Meiningslaust. – Det er meiningslaust å bruke så mykje pengar på eit kryss som ikkje løyser problema, meinte Per Atle Einan (SV).

– Meiningslaus pengebruk

Kommunestyret sa måndag ja til det omdiskuterte Valenkrysset. Tre stemde imot, det var SV og Miljøpartiet De Grønne. Dei meinte at krysset ikkje tilfredsstiller krava til næringslivet.

– Det er meiningslaust å bruke millionar av kroner på eit kryss som ikkje løyser framtidige trafikkproblem. Av omsyn til næringslivet som er avhengig av å kome seg ut på riksveg 36 frå Valenvegen ønskjer Bø SV å stemme mot denne reguleringsplanen fordi den ikkje vil avhjelpe trafikkavviklinga for dei som kjem ut frå Valenvegen. Det sa Per Atle Einan, Sosialistisk Venstreparti (SV) då kommunestyret diskuterte det nye Valenkrysset.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.