Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Nei til øl og vin i Sommarland

Det blir ikkje skjenking under det tv-overførte sankthansarrangementet i Sommarland. Arkivfoto

Sommarland har søkt om å få skjenke øl og vin under sankthansarrangementet til sommaren, når TV2 skal lage stort show frå badeparken. Rådmann Åse Egeland bad politikarane avgjere saka og la fram søknaden frå Sommarland for formannskapet sist måndag.

Det er venta at sankthansfeiring i Sommarland vil dra 5.000 gjester. Showet er ein del av Telemarks-Veka som skal sendast på TV2. Rådmannen opplyste at det er Sommarland Skifestival som er arrangør. Showet skal vare i tre timar, og Sommarland vil servere mat til publikum og ønskjer å kunne tilby øl og vin samtidig. Resten av Sommarland vil vera stengt for publikum.

Politikarane var usikre i starten på debatten.

– Eg synest saka er vanskeleg, det er ein familiekveld. Eg er usikker på om me skal gje løyve, eg vil høyre på argumenta, sa Bergit Askildt Myrjord (V).

Avrøystinga viste etter kvart  at det berre var Asbjørn Botnen (H) som gjekk inn for at Sommarland skal få skjenkeløyve. Dermed blir det mat utan øl og vin på sankthans i Sommarland.

Les meir frå debatten i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no