170403-Bø-og-Sauherad-kommunevåpen

Arbeidsgruppa for namn og symbol er klar

Dagens symbol. Bø har tre feler medan Sauherad har eple i sitt kommunevåpen. No skal ei arbeidsgruppe jobbe med å finne eit felles våpenskjold.

Tre frå kvar kommune

No har både Sauherad kommune og Bø kommune valt representantar til arbeidsgruppa for namn og symbol. Det vil seie dei som skal finne forslag til nytt namn på den nye kommunen og kva for kommunevåpen og andre symbol den skal ha.

Varaordførarane i begge kommunane er med, Alf Rose Sørgaarden (KrF) i Sauherad og Borgar Kaasa (Sp) i Bø. I tillegg har dei to kommunestyra valt to representantar. Det er Wenche Akkerhaugen (H) og Hans Kortner Ryen (Sp) frå Sauherad. Frå Bø er det Karin Hagen (Ap) og Evy Beate Tveter (V). Gruppa skal ha sitt første møte torsdag 6. april.

Les meir om kommuesymbolikk og kven dei som skal jobbe med saka er i avisa som kjem torsdag. Avisa kan også lesast på nett på buyandread.no.