170406-Gammal-nål-09-b

Fann del av gammal spenne

Til fylkesgeologen. Dagen etter at Tom Jr. Magnushommen snakka med Bø blad hadde han avtale om å levere inn den 1150-1000 år gamle fibulaen.

Kan vere 1800 år gammal

Ein del av det som truleg er ein fibula frå folkevandringstida mellom 200-500 fann Tom Jr. Magnushommen då han søkte på eit jorde mellom Lunde og Bø.

– Det kan kallast ei sikkerheitsnål. Den vart brukt til å feste klede med, forklarar Magnushommen som fann den eldgamle nåla.

Dessverre er den ikkje heil. Han viser fram noko som kan minne om deler av eit kross. Magnushommen peikar og forklarar.

– Frå den eine armen av det som kan sjå ut som ein kross har det gått eit dragehovud, forklarar han.

(I papiravisa står det feil alder på nåla, det rette er at den truleg er frå før vikingtida.)