Marianne Dale og Helena Hafthorsdottir Lindheim

Bø er eit sterkt merkenamn

Profilerer Midt-Telemark. Dagleg leiar Marianne Dale (t.v.) og marknadskoordinator Helena Hafthorsdottir Lindheim i Visit Bø har mange ting på gang. Dei førebur besøk av rikskjendis Stine Hartmann (bilete på skjerm) og har innspel til val av nytt kommunenamn. Foto: Øystein Akselberg.

Namnet Bø blir søkt på i Google langt oftare enn andre kjende reisemål i fylket. Visit Bø meiner det er fakta som må tas omsyn til i valet av kommunenamn.
Dei tilsette i Visit Bø, destinasjonselskap og turistkontor for Bø, Sauherad og Nome, har sett på informasjon som viser kva namn folk søkjer etter på internett via søkjemotoren Google, og dei meiner dette er viktig informasjon å ta med seg når nytt kommunenamn skal veljast.

Søkjemotoren Google Trends viser i kor stor grad folk søkjer på ulike namn og ord. Ved å samanlikne ulike namn som Bø, Sauherad, Telemark, Gaustatoppen, Telemarkskanalen, Midt-Telemark og Bø Sommarland ser ein kva namn som er mest søkt etter.
– Bø som marknadsvare og merkenamn står overraskande svært sterkt, seier dagleg leiar i Visit Bø, Marianne Dale.

Informasjon som viser søk innan reiseliv dei fem siste åra viser at Bø blir søkt på svært mykje oftare enn til dømes Sauherad og Midt-Telemark. Også samanlikning av namna Bø, Bø Sommarland og Telemark går heilt tydeleg i favør av Bø-namnet. Særleg i juli dankar Bø ut alle andre.
– Dette er informasjon som bør bli tatt med i vurderinga når nytt kommunenamn skal veljast, på lik line med andre viktige argument, seier Dale.