Evjudalen fors¿k pŒ serie
Evjudalen fors¿k pŒ serie

Ti nye arbeidsplassar til Bø

Får ti statlege arbeidsplassar frå nyttår

I samband med ei omfattande omorganisering av kunnskapsssektoren blir ti statlege arbeidplassar flytta frå Oslo til Bø frå januar 2018.

Torsdag 15. juni la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram korleis han vil organisere dei ulike verksemdene i kunnskapssektoren. Målet er å leggje til rette for livslang læring og betre kvalitet i barnehage, skule og høgare utdanning.

Totalt vil 60 statlege arbeidsplassar bli spreidd rundt i landet med denne omorganiseringa, ti av dei blir plassert i Bø. Det er sekretariatet for FUB (Foreldreutvalget for barnehagen) og FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen) som frå nyttår kjem til Bø. Noko av grunngjevinga for denne omplasseringa er at Bø ikkje ligg langt frå Oslo, har gode kommunikasjonstilbod, i tillegg til at kompetansearbeidsplassar som Telemarksforsking og Høgskulen i Sør-Aust-Noreg er plassert i bygda.

Vinteren 2016 fekk kunnskapsministeren rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra frå ei ekspertgruppe. Rapporten ga ei vurdering av korleis oppgåvene til Kunnskapsdepartementet og dei underliggande verksemdene kunne løysast på ein betre måte.

På bakgrunn av rapporten, blei det sett ned eit prosjekt i Kunnskapsdepartementet som skulle tilrå ei ny organisering av sektoren. Prosjektet fekk tre målsettingar: Betre måloppnåing, meir effektiv oppgåveløysing og fleire arbeidsplassar utanfor Oslo.

No har regjeringa altså avgjort korleis den ønskjer å organisere kunnskapssektoren, og kor mange arbeidsplassar som skal flytte ut av Oslo i samband med omorganiseringa.

Les meir i papiravisa neste veke, eller på buyandread.no