170831-Val-læraren-Ruth-Olaug-Tellnes-13-b

Læraren – Det viktigaste er fleire pedagogar

Vil vere allmennlærar. Ruth Olaug Tellnes vil vere allmennlærar og ikkje faglærar. Ho vil kunne sjå kva bagasje eleven har med og ikkje berre vere ei som underviser.

 Stortingsvalet sett frå Bø

– Det viktigaste er at ein tenkjer på heile barnet og ikkje bare norsk, matte og engelsk og at ein ikkje prioriterer vekk estetiske fag. Dessutan løyser ein mange problem om klassane ikkje er for store.

Det seier Ruth Olaug Tellnes, lærar ved Bø skule, når me spør kva ho meiner er viktige politiske saker når ein lærar skal gå til valurna.

– Skulen er ikkje berre teori. Den er så mykje meir. Det er det sosiale for eksempel, seier Tellnes.

Allmennlæraren

– Denne regjeringa er veldig fokusert på teoretiske fag. Den vil at lærarane skal vere faglærar og ikkje allmennlærar. I barneskulen trur eg det er viktig at lærarane har fleire fag slik at elevane blir kjende med lærarane og blir trygge, seier Tellnes.

Me har snakka med representantar for fleire grupper om valet. I tillegg til læraren, ein innvandrar, ein pensjonist, ein bonde, ein helsearbeidar og ein industrileiar. Du finn det i Bø blad på papir eller nett på buyandread.no.