Skade Skarphedin 2. sept 2017 5624

Lokalderby i Lunde: Storebror var best

Best i begge endar. I lokaloppgjeret mellom Skade og Skarphedin i Lunde i ettermiddag var heimelaget i periodar med på notane i banespelet. Men foran mål i begge endar av banen var dei blå frå Bø suverent best. Foto: Øystein Akselberg

Lokaloppgjer i 4. divisjon, Lunde lørdag 2. september: Skade – Skarphedin 0-6 (0-4)

Allereie etter vel tre minuttar låg ballen i nota bak Skadekeeper Eskil Langkås. Bøheringane gav seg ikkje før det stod 0-6 i målprotokollen. Mats Bru putta tre mål og blei dagens mann, medan Fredrik Tennfjord og Andreas Vreim skåra sine første a-lagsmål for Skarphedin. Tennfjord var også frampå ein gong til. 0-3-målet av Tennfjord var elles ei perle av eit langskot.

Det blei ein grei siger til Skarphedin i ein kamp som aldri var særleg spennande. Skarphedin stilte med eit ungt lag da fire spelarar som har klippekort i startellevaren var ute med kort, skade og anna. På trenarbenken var Øystein Sanden sjef, sjølv om også har kome i gang som trenar for G16 i Odds ballklubb.