170907-Val-skuleval-07-b

Ap vann skulevalet

Manntal først. Anna Henriette Straume (t.v) og Maren Haugland Andersen må innom manntalet før dei får stemme. Janne Haugland kontrollerer.

Spente elevar til valurnene

Arbeiderpartiet fekk heile 50,7 prosent av stemmene til elevane ved Bø vidaregåande skule i skulevalet tysdag. Senterpartiet var også populært blant elevane, det fekk 19,1 prosent. Det er godt over snittet både i Telemark og på landsplan.

Tysdag gjekk elvane ved Bø vidaregåande skule til val saman med mange andre vidaregåande skular i landet. I Bø var det to parti på topp, Arbeiderpartiet og Senterpartiet.

– Det har vore moro, men òg litt stress.

Det seier Janne Haugland, elev ved Bø vidaregåande skule og ein av dei som har faget politikk og menneskerettar og som var med å arranger valdebatt og skuleval. Saman med Kaja Kvan Hugen sat ho og passa manntalet då elevane ved skulen skulle stemme i skulevalet.

Skikkeleg utstyr

Valet føregjekk i festsalen med stemmebåsar i garderoben vegg i vegg. Til valet hadde elevane fått låne valurne av kommunen slik at det var ei ekte urne stemmesetlane blei putta i. Dei hadde også ekte stemmesetlar så det skal fungere som eit skikkeleg val.

Haugland skal også stemme i det ordinære valet måndag.

– Det har eg alltid tenkt, seier ho.

Les meier om skulevalet og kva for kandidatar som kan kome på Stortinget for Telemark i papiravisa eller kjøp Bø blad på nett på buyandread.no.