
Ein kubbestol kan vere så mykje. Eva K. Flatin sit i ein moderne kubbestol. Bak henne ser ein meir moderne dekorerte kubbestolar i tre. Ein del av denne utstillinga kjem til Gullbring.
Viste kubbestolar i ny og gammal drakt
Årets særeutstilling på Dyrsku’n handla om kubbestolen.
– Å lage kubbestol er eit raudlista handverk, forklarar fagansvarleg for husflidsutstillinga på Dyrsku’n, Eva K. Flatin.
Samtidig har Hjelle Møbler laga kubbestolar i moderne design til eit av landet dei meir spesielle hotell. Designarduoen Andersen og Voll har teikna stolen Eva for Juvet Landskapshotell i Allstad i Valldal. Stolen er inspirert av naturen rundt hotellet og den gamle kubbestolen. Hotellet ligg i ein stupbratt bakke og romma er spreidd utover i landskapet.
Då Flatin oppdaga det i fjor fann ho ut at dette måtte ein gjere noko med. Særutstillinga på Dyrsku’n viser kubbestolen frå kubbe til ferdig stol. Det er henta stolar frå 1700-talet som til dagleg er å finne på Vest-Telemark museum og heilt nylaga stolar i tradisjonell utforming, dekorert blant anna av Knut Buen. Dessutan er designarstolen Eva på plass, og eit par andre stolar som viser korleis kubbestolen kan sjå ut i moderne utforming og fargelegging.
Ein del av denne utstillinga kjem til Gullbring tysdag og blir ståande til søndag.
Les meir om Dyrsku’n i avisa torsdag.