Ulukke-Seljordsvatnet-121017-foto-Halvor-Ulvenes

Ville redde elevane som drukna

Det blir fortsatt søkt etter den sakna læraren i Seljorsvatnet etter den tragiske båtulykka torsdag. Foto: Halvor Ulvenes, Varden

 

Søkjer fortsatt etter sakna lærar

Lærar Gunhild Egenæs (53) frå Bø er fortsatt sakna etter båtulykka i Seljordsvatnet torsdag. Ho forsvann da ho prøvde å redde dei to elevane som drukna.

Det var Aslan Mohamed Omer (19) og Mohamed Mahamud Abdi (20) som omkom da ein båt kantra i Seljordsvatnet ved 14.15-tida torsdag. Læraren deira, Gunhild Egenæs, er fortsatt sakna etter at ho la på svøm for å redde dei to. Alle tre var busett i Bø.

Politi og Røde Kors har heilt sidan ulykka blei varsla søkt etter den sakna læraren både på land og i vatnoverflata i det aktuelle området utan resultat. Søndag føremiddag har det igjen blitt starta opp søk, denne gong i djupet med sonar.

Parallelt med søket har saka blitt etterforska av politiet, blant anna med avhøyr av dei overlevande, og på bakgrunn av dette har politiet så langt kome fram til følgjande hendingsløp:

Fem av dei seks i båten hadde blitt invitert på tur til ei hytte ved Seljordsvatnet som den sakna læraren eig. Dei sat alle i ein mindre fritidsbåt på cirka 14 fot med påhengsmotor og båten låg cirka 15 meter frå land da bølgjer slo innover slik at båten tok inn vatn. Fire av personane i båten klarte å komme seg i land, deriblant den sakna læraren. To blei liggjande i vatnet. Da svømte læraren tilbake for å hjelpe, og blei sist sett da ho var på veg mot dei.

Ein av dei omkome hadde på seg redningsvest, den andre hadde det ikkje. Den sakna læraren hadde heller ikkje på seg redningsvest.

Både læraren og elevane er knytt til Bø og Nome vaksenopplæring, men turen var i privat regi. Det er oppretta kriseteam i både Seljord, Bø og Nome i samband med ulykka.

Dei pårørande er varsla og ønskjer ikkje at det blir brukt foto av dei involverte i media.