1710020-Sjokoladekappleik-Bø-2015-Foto-Dag-Einar-Hvitsand_14

Klart for sjokoladekappleik

Unge utøvarar. Unge utøvarar frå heile fylket kjem til Sjokoladekappleiken i Bø. Arkivfoto: Dag Einar Hvitsand.

Unge folkemusikarar viser seg fram

Laurdag 21. oktober er det igjen klart for eit av årets søtaste arrangement, nemleg Sjokoladekappleiken. Den blir arrangert i Spektrum på Bø ungdomsskule. Då er det sjokolade og mykje anna godteri i premie til alle, og svært sjarmerande og flinke barn- og unge frå heile Telemark som utfaldar seg på scena. Dei spelar saman og åleine, dansar og syng.

I fjor var det over 40 innslag og mellom 60 og 70 som deltok på Sjokoladekappleiken i Bø. Det er Bø juniorspelemannslag som står for arrangementet. Det er også frå Bø denne typen arrangement stammar, seinare har det spreidd seg. I Seljord blir det elles arrangert Sjokoladekappleik kvar vår