Spørsmål nr 13: Dette er brua som det dreiar seg om.
Spørsmål nr 13: Dette er brua som det dreiar seg om.

Størst folkevekst i landet

Fleire bøheringar. Her er ein skuleklasse på brua over Bøelva til Kvennøya denne veka. Som me ser er det god plass til fleire bøheringar også der. Foto: Øystein Akselberg.

Bø har fått 241 fleire innbyggjar siste kvartal

– Det kan aldri bli nok bøheringar, sa Thomas Hellekås i bandet Byting til Telemarksavisa i går. Han hadde sikkert ikkje dei nye innbyggjartala frå SSB i tankane, men hadde svært rett likevel. I dag kom SSB sine tal med ei rekordauke i talet på bøheringar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer i dag nye innbyggjartal for landets kommunar og Bø tronar på toppen med størst vekst i folketalet for tredje kvartal 2017. Heile 241 fleire bøheringar har det blitt sidan sist teljing for tre månader sidan. Veksten er på utrulege 3,9 prosent og er altså størst i landet. Sauherad er ein av tre kommunar i Telemark som har vekst. Sauherad er blitt 35 fleire sidan sist. Nome derimot må tåle ein reduksjon på 20 innbyggjarar.

I Bø er fødselsoverskotet i 3. kvartal på fire personar, medan netto innflytting er på heile 237 personar. Største årsak til veksten i Bø er tilflytting. Her er talet 408 i løpet av kvartalet, medan utflyttinga er på ialt 171 personar. Talet på fødde i perioden er 16.