171221-Nav-signering-03-b

Nav Midt-Telemark ein realitet

Einige til slutt. Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lunderfaret (t.v.), ordførar i Bø, Olav Kasland og ordførar Sauherad, Mette Haugholt er einige om å slå saman Nav-kontora. Nav-direktør Terje Tønnessen er vitne.

 

Nome-ordføraren har tru på samarbeidet

Nav Midt-Telemark er ein realitet. Onsdag signerte ordførarane i Nome, Bø og Sauherad avtala om å slå saman kontora i dei tre kommunane.

– Dette blir bra, Nav Midt-Telemark blir eit av dei største kontora i Telemark sa nyutnemnd regiondirektør for Nav Vestfold og Telemark, Terje Tønnesen.

Han meiner at det nye kontoret vil bli ein kraftig aktør, det vil også bli lettare å få kontakt med for næringslivet.

Positiv Nome-ordførar

– Eg har tru på dette. Eit større kontor kan yte betre tenester, me jobbar for å styrkje Nav, sa ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.